Skriveverkstad Skattefunn
Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane arrangerer i samarbeid med Forskingsrådet og Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane aktiv SKRIVEDAG i SkatteFUNN.
![Styrekurs i Sogndal](https://images.squarespace-cdn.com/content/v1/51913ce5e4b0536c559f7f23/1550234977028-GKJO7R3NN5AUIPXB3TOC/Styrekurs%2Bsogndal.jpg)
Styrekurs i Sogndal
Tid og stad: 10. april, Campus Sogndal -
Lær meir om godt styrearbeid og god bedriftsutvikling med Rolf-Erik Disch frå Deloitte.
Det er hyggeleg for oss i Sognefjorden Næringshage, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, Sogn Næring og FUS å ønskje velkomen til heildags styrekurs onsdag 10. april 2019 på Campus Sogndal.
Målgruppe:
Styrerepresentantar og daglege leiarar i mindre og mellomstore bedrifter.
Fokus på kurset:
Godt styrearbeid - god bedriftsutvikling.
Rolleavklaring, kva representerer me og kva skal me jobbe for?
Kommunikasjon, lojalitet og teieplikt. Korleis representerer vi selskapet utanfor styrerommet?
Lovverk: rettar og plikter
Innspel frå deltakarane
Kursbevis vert delt ut etter kurset.
Pris
Pris per deltakar er kr. 2.500,- + mva.
Bedrifter knytt til FUS og målbedrifter i Sognefjorden Næringshage betalar kr. 1.000,- + mva for inntil 2 deltakarar.
Inkubatorbedrifter knytt til KPSF deltek til sterk redusert pris, og betalar kun kr. 675,- + mva for inntil 2 deltakarar.
Prisen inkluderer kurs, materiell og lunsj.
Program for dagen
08:30 Kaffi og mingling
09:00 Kursstart
11:30 Lunsj
15:00 Oppsummering
Etter kurset er det mogeleg for deltakarane å melde seg på ”Frå idé til marknad” i regi av Innovasjon Norge. Les meir her.
Kurshaldarar
Rolf-Erik Disch frå Deloitte er kurshaldar. I tillegg stiller Anne Britt Hjelmeseter og Gunn Irene Sviggum Bruheim frå Deloitte i Sogndal.
Målgruppe:
Styrerepresentantar og daglege leiarar i mindre og mellomstore bedrifter.
Påmelding:
Innan 15. mars til torgeir@sognnaring.no. Avgrensa tal plassar - førstemann til mølla.
![Sogn for alle - spennande seminar om integrering](https://images.squarespace-cdn.com/content/v1/51913ce5e4b0536c559f7f23/1550475101702-2OA2DBUCZGVPNS68T5U4/seminar+integrering.png)
Sogn for alle - spennande seminar om integrering
Bli med og sjå korleis vi saman kan bidra til vekst i vår region.
![Sognefjorden Næringshage inviterer til studietur til Lofoten](https://images.squarespace-cdn.com/content/v1/51913ce5e4b0536c559f7f23/1535373514413-ERBY03BUNZMI91DULLE6/Skjermbilde+2018-08-27+kl.+14.29.39.png)
Sognefjorden Næringshage inviterer til studietur til Lofoten
Tid og stad: 14.-17. okt, Lofoten
Sognefjorden Næringshage, EMBLA-nettverket og prosjektet ”Verdiskaping økosystemtenester” inviterer deg med til Lofoten. Tema for turen er voksesmerter, felles utfordringar, mogelegheiter og løysingar. Dei siste deltaljane for turen kjem på plass
i slutten av august, men kan love eit variert program der me møter kommuneleiing, destinasjonselskap og ulike verksemder. Det vert tid til aktivitet, nettverksbygging og sosialt samvær!
Meir informasjon på nettsidene til Sognefjorden Næringshage.
Velkomen til inspirerande tur der fagleg påfyll og nettverksbygging er sentralt. Meld deg på, og bli med oss. Totalt har me 15 plassar, så førstemann til mølla!
Bindande påmelding til post@sognefjordennh.no
FuS er målbedrift i næringshagen og har to plassar tilgjengeleg for leigetakarne i FuS til målbedriftspris, kr 9 000. Ta kontakt med post@fussogn.no for meir informasjon.
![Salskurs med komersiell coach](https://images.squarespace-cdn.com/content/v1/51913ce5e4b0536c559f7f23/1535116055217-P7IX2HJCIN4EIW286I61/Skjermbilde+2018-08-24+kl.+15.07.17.png)
Salskurs med komersiell coach
Tid og stad: 02.10, Sogndal Campus -
I samarbeid med GOSH pgp, arrangerer Sogndal Fotball salskurs i regi av kommersiell coach Richard Jacobsen. Dei arrangerte dette salskurset også i fjor med stor suksess. No håper dei at alle interesserte som ikkje kune vere med då, har mogelegheit til å vere med no!
Dette er sal, og slik gjer du det!
- Eg jobbar som heilskapleg "kommersiell terapeut" , og mitt kurs i Sogndal vil dreie seg om operativt, taktisk og strategisk sal, seier Jacobsen.
Korleis handterar ein innvendingar frå kunden, og korleis best formidle produktet ein skal selje?
På salskurset vil Richard ta tak i reelle problemstillingar, og gje deg verktøy på korleis best utvikle din formidlingsevne. Me vil gjennomføre praktisk trening, og slik vil ein raskt oppnå resultater.
Richard er fri for Powerpointer og veldig "to-the-point".
PRIS: 800kr pr. pers | Sponsorbedrifter 600 kr pr. pers | Leigetakarar på Fosshaugane Campus 600 kr pr. pers
For meir informasjon og påmelding www.sogndalfotball.com
Kapasitet: 40 plassar
Stao no pao!
![Innovasjon Noreg inviterer til "Frå ide til marknad"](https://images.squarespace-cdn.com/content/v1/51913ce5e4b0536c559f7f23/1535361837684-MSSV62QBZ1HQIJUFCDRH/Skjermbilde+2018-08-27+kl.+11.23.46.png)
Innovasjon Noreg inviterer til "Frå ide til marknad"
Tid og stad: 20.09.19, 2. etg. Innovasjonsbygget
Vegen frå ide til marknad startar med å la kundane avgjere om ideen din er god. På samlinga vil du lære korleis du kan gå fram for å teste og vidareutvikle ideen din, og korleis Innovasjon Norge kan hjelpe deg på vegen.
Innovasjon Noreg vil gå gjennom
- Forretningsmodellering – korleis lage ei lettfatteleg skisse over verksemda di
- Lean start-up – Korleis raskt teste og vidareutvikle idéen din for å maksimere sjansen for å lukkast
- Tilskot til gründerar – Korleis søkje midlar frå Innovasjon Norge til å teste og vidareutvikle idéen din
På samlinga vil du treffe andre gründerar som du kan inspirere og lære frå.
Dersom du ynskjer å setje deg inn i innhaldet for samlinga allereie no kan du lese meir på nettsidene under.
Det vil i etterkant av møtet vere tid til korte møter, såkalla speed dates.
Påmelding og meir informasjon.
Forretningsmodellering
Dette verktøyet kan brukast for å få eit enkelt overblikk over nokon sentrale element i forretningsidéen. Verktøyet er enkelt å bruke, det er visuelt og lettfatteleg, og vil hjelpe deg til å sjå moglegheiter for ulike forretningsmodellar som kan vere aktuelle med utgangspunkt i den forretningsidéen du har. Forretningsmodellen gjev svar på mange av de same spørsmåla som Innovasjon Norge, banken, potensielle investorer og eventuelt andre offentlege støttespelarar vil stille, når ein presenterer idéen sin.
Les meir om korleis du kan lage ein forretningsmodell.
LEAN Start-up (smidig oppstart)
Når du jobbar med utvikling av nye produkt og oppstart av ei bedrift, rår vi til at du legg opp til ein utviklingsprosess der du kan teste idéen din på aktuelle brukarar og samarbeidspartnarar, før ein gjer større investeringar, etter den såkalla Lean Start-Up metoden
Det vil også vere nyttig å få ei oversikt over finansieringsbehovet, kostnadsomfanget og behov for ekstern kapital.
Tilskot til gründerar.
Har du ein forretningsidé som representerer noko vesentleg nytt i marknaden? Det kan vere innovasjon på regionalt, nasjonalt eller internasjonalt nivå. Innovasjon Norge kan gje etablerertilskot til deg som gjer noko andre ikkje har gjort før deg.
Les meir tilskot til gründerar.
Nettverk og kompetanse
Lær om andre tilbod frå Innovasjon Norge som mange gründerar kan ha nytte av.
![Bedriftspresentasjon: Azets](https://images.squarespace-cdn.com/content/v1/51913ce5e4b0536c559f7f23/1524829093487-K5O6EHEH4WIETHLEH5Y7/Skjermbilde+2018-04-27+kl.+13.38.02.png)
Bedriftspresentasjon: Azets
Tid og stad: 22.09, 2. etg. innovasjonsbygget -
Ein kvardag med oversikt og kontroll på tala
Bedriftspresentasjonen vert halden av Vegard Gurvin og Reidun Fimreite Kleiven.
Bli meir effektiv og få betre oversikt ved å la Azets regnskapsførar i Sogn hjelpe deg med regnskap og løn. Azets har kontor i Sogndal, Leikanger, Høyanger og Øvre Årdal og er godt kjent med det lokale næringslivet og har i mange år levert tjenester til verksemder i Sogn.
Spar tid og få betre oversikt over tala.
Ver trygg på at du har eit korrekt regnskap og at lønskøyringane er riktig.
Få gode råd frå regnskapsføraren slik at du tar rette økonomiske slutninger.
Azets lønnskonsulenter og regnskapsførere i Sogn kombinerer sin erfaring med dine regnskapsdata for å gi deg dei beste råda. Med nettbaserte løysinger fungerer samarbeidet enkelt og du får lett oversikt i ein travel kvardag.
![Verdsetting av urørt natur for reiselivet](https://images.squarespace-cdn.com/content/v1/51913ce5e4b0536c559f7f23/1528973719072-OB18CNQG55CTE438PPIC/Skjermbilde+2018-06-14+kl.+12.49.17.png)
Verdsetting av urørt natur for reiselivet
Tid og stad: 13.09, FuS -
Alle velkomne, ingen påmelding, berre kom innom.
Vestlandsforskning har utarbeida ein rapport om verdsetjing av urørt natur på oppdrag fra NCE Tourism Fjord Norway. Forskar Torkjel Solbraa kjem til FUS for å fortelje om prosjektet.
Bakgrunnen for forskingsprosjektet er eit ynskje frå reiselivsinteresser om utforsking av metodar for å få fram verdiane i det naturbaserte reiselivet i samband med utbygging i norsk natur, for eksempel ved kraftutbygging.
Per desember 2017 ligg det litt over 150 saker knytt til energiutbygging og tiltak i vassdrag til handsaming hjå NVE, berre frå dei fire vestlandsfylka. Frå same geografiske område er det over 2300 ferdighandsama saker. Sjølv om mange saker får avslag og enkelte planar ikkje vert realisert, vitnar desse tala om at det allereie er utført, og at det kjem til å verte utført, utbygging i naturområde som er av stor verdi for norsk reiselivsnæring.
Granskinga av korleis reiselivsinteresser kjem til syne i konsesjonssaker viser at reiseliv i lita grad vert tematisert. Ei truleg årsak til dette er at reiselivet manglar metoder for å fange opp konsesjonssaker. Argumentasjon om reiselivsaktivitet er det ofte andre enn reiselivsaktørene som har, deriblant Fylkesmannen, fylkeskommunen, kommune og lokale turlag.
Eit anna funn er at det verkar vanskeleg, både for tiltakshavar og i høringsuttalelsar, å halde seg til potensialet for reiselivsaktivitet, eller endringar i Fjord-Norge sitt image som resultat av utbygging i norsk natur. I den grad reiseliv vert utreda av tiltakshavar, er det ved å vise til eksisterende aktivitet, tross forventningar om redegjering for potensialet for reiselivsaktivitet i området.
I rapporten vert det skilt mellom vindkraftsaker, større vannkraftsaker og små kraftsaker. Reiselivsinteressene er meir synlege i større vannkraftsaker og vindkraftsaker, og mindre i dei små. Det er også i liten grad peika på sumverknader av mange små utbyggingar frå reiselivet si side.
LAST NED OG LES RAPPORTEN HER!
Tid og stad: 13.09, FuS
![Vinje vår mann - rom for ord arrangement](https://images.squarespace-cdn.com/content/v1/51913ce5e4b0536c559f7f23/1536051026116-FVDL3B89VL86IZPGF6BZ/Skjermbilde+2018-09-04+kl.+10.40.54.png)
![TV-aksjonen: Utanforskap](https://images.squarespace-cdn.com/content/v1/51913ce5e4b0536c559f7f23/1536218826013-OYFRDZKI3TZ89R3OX29X/Skjermbilde+2018-09-06+kl.+09.26.58.png)
TV-aksjonen: Utanforskap
Tid og stad: 10.09, 2. etg Innovasjonsbygget
Vibecke Østby, leiar i TV-aksjonen, og Eiel Holten, avdelingsleiar i Kirkens Bymisjon, kjem til Sogn og Fjordane for å informere om aksjonen. Tema i år er utanforskap. Det råkar folk i alle aldrar og miljø; også i trivselsfylket vårt. Målet er å gjere Noreg til eit meir inkluderande og varmt samfunn - for alle.
Bli med og finn ut kva di bedrift eller organisasjon kan bidra med. Det er mange måtar å engasjere dykk på: Gje bidrag, starte kreative innsamlingsaktivitetar, verve bøsseberarar etc. Det er berre fantasien som avgrensar.
Sogndal: Måndag kl. 15.00 - 16.00 i 2. etasje i Innovasjonsbygget på Campus. Kaffi & noko attåt.
Gje eit signal til fylkesaksjonsleiar Oddrun Midtbø
Tel. +47 95 86 17 76sognogfjordane@tvaksjonen.no - seinast søndag kl. 16.00 - om du kan kome.
![Sparebankstiftinga - omvisning hjå FuS](https://images.squarespace-cdn.com/content/v1/51913ce5e4b0536c559f7f23/1535366525681-T3LBJSIBM0LWW7CS9B5C/Skjermbilde+2018-08-27+kl.+12.41.26.png)
Sparebankstiftinga - omvisning hjå FuS
Pål Fidjestøl kjem innom FuS for ei lita omvisning kl. 15:00! Dette er ei ypperleg mogelegheit til å stille han spørsmål om sparebankstitinga og søknadsordninga deira!
Meir informasjon om sparebankstiftinga her.
![Klimakutt - kva må vi som forbrukar gjere?](https://images.squarespace-cdn.com/content/v1/51913ce5e4b0536c559f7f23/1525690352370-HVGCHD04VU70J8C7312K/Skjermbilde+2018-05-07+kl.+12.52.11.png)
Klimakutt - kva må vi som forbrukar gjere?
Onsdag 20.juni 2018 kl 14:30 - 15:15. Deretter går dei av oss som vil ned på dampskipskaia for å fortsetje diskusjonen.
FUS ynskjer å invitere til spennande foredrag frå forskar Karen Moberg om klimakutt
FUS ynskjer å etablere faglege og sosiale møteplassar, og no prøver vi oss på eit konsept med spennande foredrag og sosial mingling på Dampskipskaia etterpå! Arrangementet er gratis, og alle interesserte er hjarteleg velkomne. Målet med arrangamenta er å bygge nettverk og hygge oss saman med påfyll av spennande kunnskap!
Vi startar med eit interessant foredrag er om berekraft og klimakutt. Forskar ved Vestlandsforsking, Karen Moberg vil fortelje oss at dersom Norge skal nå klimamåla i Paris-avtalen, må styresmaktene pålegge oss eit lågare forbruk.
– I ein slik situasjon er det ikkje usannsynleg at vi må halvere utslepp frå det private forbruket i Norge innan 2030, seier Moberg.
Ein gong i året gir FN ut ein rapport som kan ta motet frå dei største optimistane iblant oss. Dokumentet tek pulsen på klimainnsatsen i verda ved å rekne ut eit nokså ubehageleg tal: spriket mellom klimakutta kvart land oppnår med dagens tiltak og kutta som eigentleg skal til for å nå måla i Paris-avtalen. I reknestykket inngår ein viss innsats frå meg og deg, i form av små, velmeinande dytt frå den store staten.
– Fjorårets rapport frå FN viste dessverre at gapet framleis er stort, seier forskar Karen R. Moberg. Vanlege heimar er ein del av det store utsleppsbildet, og difor blir nøydd til å vere ein del av løysinga.
Vestlandsforsking har stått for den norske delen av det internasjonale forskingsprosjektet «Hope», som går ut på å undersøke korleis folk stiller seg til å endre forbruket sitt i klimavenleg retning.
Påmelding og stad:
Sogndal Campus, 2. etasje innovasjonsbygget.
Meir informasjon om forskingsprosjektet.