Tid og stad: 13.09, FuS -
Alle velkomne, ingen påmelding, berre kom innom.
Vestlandsforskning har utarbeida ein rapport om verdsetjing av urørt natur på oppdrag fra NCE Tourism Fjord Norway. Forskar Torkjel Solbraa kjem til FUS for å fortelje om prosjektet.
Bakgrunnen for forskingsprosjektet er eit ynskje frå reiselivsinteresser om utforsking av metodar for å få fram verdiane i det naturbaserte reiselivet i samband med utbygging i norsk natur, for eksempel ved kraftutbygging.
Per desember 2017 ligg det litt over 150 saker knytt til energiutbygging og tiltak i vassdrag til handsaming hjå NVE, berre frå dei fire vestlandsfylka. Frå same geografiske område er det over 2300 ferdighandsama saker. Sjølv om mange saker får avslag og enkelte planar ikkje vert realisert, vitnar desse tala om at det allereie er utført, og at det kjem til å verte utført, utbygging i naturområde som er av stor verdi for norsk reiselivsnæring.
Granskinga av korleis reiselivsinteresser kjem til syne i konsesjonssaker viser at reiseliv i lita grad vert tematisert. Ei truleg årsak til dette er at reiselivet manglar metoder for å fange opp konsesjonssaker. Argumentasjon om reiselivsaktivitet er det ofte andre enn reiselivsaktørene som har, deriblant Fylkesmannen, fylkeskommunen, kommune og lokale turlag.
Eit anna funn er at det verkar vanskeleg, både for tiltakshavar og i høringsuttalelsar, å halde seg til potensialet for reiselivsaktivitet, eller endringar i Fjord-Norge sitt image som resultat av utbygging i norsk natur. I den grad reiseliv vert utreda av tiltakshavar, er det ved å vise til eksisterende aktivitet, tross forventningar om redegjering for potensialet for reiselivsaktivitet i området.
I rapporten vert det skilt mellom vindkraftsaker, større vannkraftsaker og små kraftsaker. Reiselivsinteressene er meir synlege i større vannkraftsaker og vindkraftsaker, og mindre i dei små. Det er også i liten grad peika på sumverknader av mange små utbyggingar frå reiselivet si side.
LAST NED OG LES RAPPORTEN HER!
Tid og stad: 13.09, FuS