jan.
8.

Lunsj med påfyll: Nortura Sogndal

Onsdag, 8. januar 2020. 11:30 - 12:15

Hjørnesteinsverksemda Nortura har over 70 tilsette og ei lang historie i Sogndal. Korleis er det å styre ein tradisjonsrik produksjon i tider med stadig større krav til både kvalitet og effektivitet? Lærdølen Inghild Lysne Sanden styrer Nortura sin fabrikk i Sogndal og kjem til Campus Sogndal for å dele sine erfaringar.

Gå til Facebookarrangement for meir informasjon

Vis arrangement →
Lunsj med påfyll: Visit Sognefjord, "New seasons"-satsinga
des.
18.

Lunsj med påfyll: Visit Sognefjord, "New seasons"-satsinga

Onsdag, 18. desember 2019, 11:30 - 12:15

Vinter i Sogn, korleis markedsfører vi regionen vår som reisemål i vintersesongen? Ståle Brandshaug frå Visit Sognefjord kjem for å snakke om arbeidet dei gjer for reiselivet vårt i "New Season"-satsinga haust, vinter og vår.

Gå til Facebookarrangement for meir informasjon

Vis arrangement →
Lunsj med påfyll: High-end reiseliv i Sogn
des.
4.

Lunsj med påfyll: High-end reiseliv i Sogn

Onsdag, 4. desember 2019, 11:30 - 12:15

Anne Sissel Gjelsvik tilbyr, saman med mannen Jomar, kvalitetsopplevingar, kvalitetsmat og kvalitetslosji til high-end-delen av reiselivet på Haukåsen. Anne Sissel kjem til oss for å inspirere og formidle noko av det dei har fått til.

Gå til Facebookarrangement for meir info

Vis arrangement →
Lunsj med påfyll: Skald forlag
nov.
6.

Lunsj med påfyll: Skald forlag

Onsdag, 6. november 2019, 11:30 - 12:15

Skald Forlag har sidan 1991 gjeve ut bøker i fleire kategoriar, til dømes innan kunst, reise, barn, natur og mat. 6. november kjem forleggar Lars Nes til Campus Sogndal for å fortelje om forlagsdrift med Leikanger som utgangspunkt.

Gå til Facebookarrangement for meir informasjon

Vis arrangement →
Lunsj med påfyll: Utviklingsarbeid i Nye Sogndal kommune
okt.
30.

Lunsj med påfyll: Utviklingsarbeid i Nye Sogndal kommune

Onsdag, 30. oktober 2019, 11:30 12:15

Frå 1. januar har Sogndal kommune 12.000 innbyggarar og strekk seg frå Balestrand i vest til Kaupanger i aust. Korleis tenker kommunen å lukkast med arbeidet innan samfunns- og næringsutvikling? 9. oktober får vi besøk av tenesteleiar Joakim Systaddal.

Gå til Facebookarrangement for meir informasjon

Vis arrangement →
Lunsj med påfyll: Kunstig intelligens i offentleg forvaltning
okt.
16.

Lunsj med påfyll: Kunstig intelligens i offentleg forvaltning

Onsdag, 16. oktober 2019, 11:30 12:15

Heather Broomfield jobbar i Direktoratet for forvaltning og ikt (DIFI). No tek ho doktorgrad i Difi og UiO, på bruk av kunstig intelligens i den offentlege forvaltninga. Ho kjem for å snakke om utfordringane og potensialet i å ta i bruk AI i offentleg sektor og hennar arbeid med å sikre at vi haustar fordelane og tek ned risikoen. Det vert og nokre tidlege resultat frå forskinga på AI i offentleg sektor i Norge.

Facebookarrangement for meir infiormasjon

Vis arrangement →
Lunsj med påfyll: It´s friendly
okt.
2.

Lunsj med påfyll: It´s friendly

Onsdag, 2. oktober 2019 11:30 12:15

Veronica Mike er gründeren bak Its Friendly. Saman med teamet sitt vil ho byggje ein digital sertifiseringsplattform som skal redusere psykiske lidingar i kreativ næring og innovasjonsmiljø. Dei viktigaste kundane finn ho på Manhattan, og no er dei snart klare til å starte marknadsavklaringa.

Sjå Facebookarrangement for meir informasjon.

Vis arrangement →
Styrekurs i Sogndal
apr.
10.

Styrekurs i Sogndal

Tid og stad: 10. april, Campus Sogndal -

Lær meir om godt styrearbeid og god bedriftsutvikling med Rolf-Erik Disch frå Deloitte.

Det er hyggeleg for oss i Sognefjorden Næringshage, Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane, Sogn Næring og FUS å ønskje velkomen til heildags styrekurs onsdag 10. april 2019 på Campus Sogndal.

Målgruppe:

Styrerepresentantar og daglege leiarar i mindre og mellomstore bedrifter.

Fokus på kurset:

  • Godt styrearbeid - god bedriftsutvikling.

  • Rolleavklaring, kva representerer me og kva skal me jobbe for?

  • Kommunikasjon, lojalitet og teieplikt. Korleis representerer vi selskapet utanfor styrerommet?

  • Lovverk: rettar og plikter

  • Innspel frå deltakarane

Kursbevis vert delt ut etter kurset.

Pris

Pris per deltakar er kr. 2.500,- + mva.

Bedrifter knytt til FUS og målbedrifter i Sognefjorden Næringshage betalar kr. 1.000,- + mva for inntil 2 deltakarar.

Inkubatorbedrifter knytt til KPSF deltek til sterk redusert pris, og betalar kun kr. 675,- + mva for inntil 2 deltakarar.

Prisen inkluderer kurs, materiell og lunsj.

Program for dagen

08:30 Kaffi og mingling

09:00 Kursstart

11:30 Lunsj

15:00 Oppsummering

Etter kurset er det mogeleg for deltakarane å melde seg på ”Frå idé til marknad” i regi av Innovasjon Norge. Les meir her.

Kurshaldarar

Rolf-Erik Disch frå Deloitte er kurshaldar. I tillegg stiller Anne Britt Hjelmeseter og Gunn Irene Sviggum Bruheim frå Deloitte i Sogndal.

Målgruppe:

Styrerepresentantar og daglege leiarar i mindre og mellomstore bedrifter.

Påmelding:

Innan 15. mars til torgeir@sognnaring.no. Avgrensa tal plassar - førstemann til mølla.

Vis arrangement →
Tur til Gloppen - føredrag med Eva Joly
apr.
4.
til 5. apr.

Tur til Gloppen - føredrag med Eva Joly

Tid og stad: 4.-5. april, Gloppen.

Embla-nettverket og Sognefjorden Næringshage inviterer til ein hyggeleg tur til Gloppen.

Torsdag 4 .april kl 20.00 held Eva Joly foredraget "Verda og vi". Les meir her. Etterpå vert det god mat og overnatting på Gloppen Hotell. 

Neste dag, etter ein god frokost, vil næringssjef Knut Roger Nesdal vise oss rundt i Trivselsskogen før me vender nasen heimover att.

Vis arrangement →
EU-nett Sogn og Fjordane - noko for deg?
jan.
10.

EU-nett Sogn og Fjordane - noko for deg?

Tid og stad: 10. jan, FuS -

Har du ein idé til et forsknings- eller innovasjonsprosjekt som kan bli finansiert av Horisont 2020, eller ønsker du å delta i et EU-prosjekt? Da kan Ida Tidemann-Andersen hjelpe deg å komme igang. EU-nettverk Sogn og Fjordane skal hjelpe lokale aktørar å kome med i Horisont 2020 - verdas største forskingsprogram. Ved å delta i EU-nettverk kan du diskutere, finne allianser, bedre kompetanse og lære av andre.

Ida Tidemann-Andersen, prosjektleiar for EU-nett kjem til FuS for å fortelje om EU-nett, satsingsområde, nokre eksempel på prosjekt som har fått støtte og korleis få hjelp og informasjon dersom du er interessert i EU-nett! Og mykje meir!

Meir informasjon om Eu-Nett Sogn og Fjordane her.

Velkomne til eit nytt spennande FuS-foredrag

Ida Tidemann-Andersen, prosjektleiar for EU-nett

Ida Tidemann-Andersen, prosjektleiar for EU-nett

Skjermbilde 2018-11-12 kl. 09.13.33.png
Vis arrangement →
Frisk Nakke - kun 15 min!
des.
19.

Frisk Nakke - kun 15 min!

Tid og stad: onsdagar kl. 14:00, 2. etg innovasjonsbygget -

Frisk Nakke er 15 min nakketrening 10 onsdagar på rad frå og med 17. oktober til og med 19. desember. Nytt i haust er at vi også får “Vekas øving” - då har vi noko å arbeide med fram til neste trening!

Frisk Nakke vert gjennomført av sprudlande Maren Mølnås, fysioterapaut ved Idrettssenteret.

Nakketreninga er for bedrifter knytt til FuS, Norconsult, Sogn Næring og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og eventuelle gjester av desse bedriftene. Dersom andre har lyst å sjå kva Frisk Nakke er, så er det fritt fram til å vere med på ei trening for å teste konseptet ut!

Skjermbilde 2018-10-11 kl. 09.59.13.png
Grunderkontoret_Campus_1696.jpg
Vis arrangement →
Distrikssenteret inviterer til fagleg førjulssamling
des.
14.

Distrikssenteret inviterer til fagleg førjulssamling

Tid og stad: 14. des, Sogndal Campus -

NB: Dette arrangementet er kun for dei som arbeider på campus.

FAGLEG FØRJULSTREFF

Samspel mellom kommune og næringsliv - kva er dine erfaringar?

Distriktssenteret inviterer deg til fagleg førjulstreff på Campus Sogndal. Bli med å dele erfaringar om arbeid med lokal samfunnsutvikling, og samspel mellom kommune og næringsliv!

Skjermbilde 2018-11-20 kl. 14.02.48.png
Vis arrangement →
Frisk Nakke - kun 15 min!
des.
12.

Frisk Nakke - kun 15 min!

Tid og stad: onsdagar kl. 14:00, 2. etg innovasjonsbygget -

Frisk Nakke er 15 min nakketrening 10 onsdagar på rad frå og med 17. oktober til og med 19. desember. Nytt i haust er at vi også får “Vekas øving” - då har vi noko å arbeide med fram til neste trening!

Frisk Nakke vert gjennomført av sprudlande Maren Mølnås, fysioterapaut ved Idrettssenteret.

Nakketreninga er for bedrifter knytt til FuS, Norconsult, Sogn Næring og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og eventuelle gjester av desse bedriftene. Dersom andre har lyst å sjå kva Frisk Nakke er, så er det fritt fram til å vere med på ei trening for å teste konseptet ut!

Skjermbilde 2018-10-11 kl. 09.59.13.png
Grunderkontoret_Campus_1696.jpg
Vis arrangement →
Årsoppgjerskurs frå Deloitte
des.
11.
FUS

Årsoppgjerskurs frå Deloitte

Tid og stad: 11.12, Quality Hotel Sogndal

Deloitte i Sogndal held årlege årsoppgjerskurs. Kurset gjev innsikt i problemstillingar knytt til årsoppgjeret og andre dagsaktuelle tema.

Dette er ei tidleg påminning om kurset, det kjem meir informasjon etter kvart. Set av tidspunktet om dette verkar interessant.

Kursavgifta vert kr 1.000.

 

Vis arrangement →
Lunsj-presentasjon: Knut Munthe Olsen fortel om lakseturisme i Årøyelva
des.
6.

Lunsj-presentasjon: Knut Munthe Olsen fortel om lakseturisme i Årøyelva

Tid og stad: 6.12, FuS 2. etg -

Årøyelva i Sogndal har alltid vore eksklusiv. Sportsfiskarar frå heile verda har sidan 1800-talet jakta draumen om storlaksen nettopp i denne elva. Årøylaksen er som kjent stor.

Draumen om storlaksen er levebrødet til Knut Munthe Olsen og i dette FuS-foredraget vil han fortelje meir om korleis det er å drive reiselivsbedrift basert på lakseturisme, kva type gjester han har og kva ynskjer og draumar han for utvikling av reiselivsbedrifta si i det vidare.

Vi gledar oss! Velkomne til eit nytt spennande lunsj-foredrag!

FuS-foredraga er opne for alle som har tid og lyst.

Skjermbilde 2018-12-04 kl. 09.48.41.png
Vis arrangement →
Frisk Nakke - kun 15 min!
des.
5.

Frisk Nakke - kun 15 min!

Tid og stad: onsdagar kl. 14:00, 2. etg innovasjonsbygget -

Frisk Nakke er 15 min nakketrening 10 onsdagar på rad frå og med 17. oktober til og med 19. desember. Nytt i haust er at vi også får “Vekas øving” - då har vi noko å arbeide med fram til neste trening!

Frisk Nakke vert gjennomført av sprudlande Maren Mølnås, fysioterapaut ved Idrettssenteret.

Nakketreninga er for bedrifter knytt til FuS, Norconsult, Sogn Næring og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane og eventuelle gjester av desse bedriftene. Dersom andre har lyst å sjå kva Frisk Nakke er, så er det fritt fram til å vere med på ei trening for å teste konseptet ut!

Skjermbilde 2018-10-11 kl. 09.59.13.png
Grunderkontoret_Campus_1696.jpg
Vis arrangement →
Avlyst // IPR - seminar - Innovasjon Noreg
des.
4.

Avlyst // IPR - seminar - Innovasjon Noreg

Tid og stad: 4. des, FuS 2. etg -

Har bedrifta di ein strategi for å beskyttet eigne immaterielle verdiar?

Innovasjon Noreg held seminar om kva IPR er, kva IPR kan bety for bedrifta di, og korleis du kan beskytte verdiane i selskapet ditt.

Innovasjon Noreg sitt fokus er å gje deg som jobbar med eit innovasjonsprosjekt rådgjeving slik at du kan gjere bevisste IPR-val som er forankra i strategien til bedrifta di.

IPR er viktig for aktørar i softwarebransjen. Grethe Hjetland, dagleg leiar Highsoft AS, har opparbeid mykje kunnskap på dette fagområdet og vil dele sine erfaringar med oss.

Ynskjer du å booke 1:1 møte med vår IPR rådgjevar Lars-Erik Solvang når han kjem til Sogndal 4. desember, så hakar du av for det i påmeldinga.

Praktisk informasjon

Skjermbilde 2018-11-19 kl. 10.36.42.png
Vis arrangement →
På sparket med Falkeblikk
nov.
30.

På sparket med Falkeblikk

Tid og stad: 30. nov., Innovasjonsbygget 2. etg -

Falkeblikk starta allereie opp i år 2010. Kvar er dei no?

Tore Friele Lie kjem til FuS for å fotelje kva spennande prosjekt dei har i Falkeblikk no, og kva planar dei har med selskapet framover.

Tore tek seg også tid til å reflektere litt bakover - korleis var det å starte bedrift for nesten 10 år sidan? Kven var dei første kundane? Var det verdt å gå i fleire år utan å kunne ta ut løn? Ville han gjort det same ein gong til? Kva tips vil dei gje til unge gründerar i dag?

Vi gledar oss til eit spennande lunsjforedrag! Ta gjerne med nistepakka!

Vis arrangement →