![Sogn for alle - spennande seminar om integrering](https://images.squarespace-cdn.com/content/v1/51913ce5e4b0536c559f7f23/1550475101702-2OA2DBUCZGVPNS68T5U4/seminar+integrering.png)
Sogn for alle - spennande seminar om integrering
Bli med og sjå korleis vi saman kan bidra til vekst i vår region.
![Salskurs med komersiell coach](https://images.squarespace-cdn.com/content/v1/51913ce5e4b0536c559f7f23/1535116055217-P7IX2HJCIN4EIW286I61/Skjermbilde+2018-08-24+kl.+15.07.17.png)
Salskurs med komersiell coach
Tid og stad: 02.10, Sogndal Campus -
I samarbeid med GOSH pgp, arrangerer Sogndal Fotball salskurs i regi av kommersiell coach Richard Jacobsen. Dei arrangerte dette salskurset også i fjor med stor suksess. No håper dei at alle interesserte som ikkje kune vere med då, har mogelegheit til å vere med no!
Dette er sal, og slik gjer du det!
- Eg jobbar som heilskapleg "kommersiell terapeut" , og mitt kurs i Sogndal vil dreie seg om operativt, taktisk og strategisk sal, seier Jacobsen.
Korleis handterar ein innvendingar frå kunden, og korleis best formidle produktet ein skal selje?
På salskurset vil Richard ta tak i reelle problemstillingar, og gje deg verktøy på korleis best utvikle din formidlingsevne. Me vil gjennomføre praktisk trening, og slik vil ein raskt oppnå resultater.
Richard er fri for Powerpointer og veldig "to-the-point".
PRIS: 800kr pr. pers | Sponsorbedrifter 600 kr pr. pers | Leigetakarar på Fosshaugane Campus 600 kr pr. pers
For meir informasjon og påmelding www.sogndalfotball.com
Kapasitet: 40 plassar
Stao no pao!
![TV-aksjonen: Utanforskap](https://images.squarespace-cdn.com/content/v1/51913ce5e4b0536c559f7f23/1536218826013-OYFRDZKI3TZ89R3OX29X/Skjermbilde+2018-09-06+kl.+09.26.58.png)
TV-aksjonen: Utanforskap
Tid og stad: 10.09, 2. etg Innovasjonsbygget
Vibecke Østby, leiar i TV-aksjonen, og Eiel Holten, avdelingsleiar i Kirkens Bymisjon, kjem til Sogn og Fjordane for å informere om aksjonen. Tema i år er utanforskap. Det råkar folk i alle aldrar og miljø; også i trivselsfylket vårt. Målet er å gjere Noreg til eit meir inkluderande og varmt samfunn - for alle.
Bli med og finn ut kva di bedrift eller organisasjon kan bidra med. Det er mange måtar å engasjere dykk på: Gje bidrag, starte kreative innsamlingsaktivitetar, verve bøsseberarar etc. Det er berre fantasien som avgrensar.
Sogndal: Måndag kl. 15.00 - 16.00 i 2. etasje i Innovasjonsbygget på Campus. Kaffi & noko attåt.
Gje eit signal til fylkesaksjonsleiar Oddrun Midtbø
Tel. +47 95 86 17 76sognogfjordane@tvaksjonen.no - seinast søndag kl. 16.00 - om du kan kome.