Onsdag 20.juni 2018 kl 14:30 - 15:15. Deretter går dei av oss som vil ned på dampskipskaia for å fortsetje diskusjonen.
FUS ynskjer å invitere til spennande foredrag frå forskar Karen Moberg om klimakutt
FUS ynskjer å etablere faglege og sosiale møteplassar, og no prøver vi oss på eit konsept med spennande foredrag og sosial mingling på Dampskipskaia etterpå! Arrangementet er gratis, og alle interesserte er hjarteleg velkomne. Målet med arrangamenta er å bygge nettverk og hygge oss saman med påfyll av spennande kunnskap!
Vi startar med eit interessant foredrag er om berekraft og klimakutt. Forskar ved Vestlandsforsking, Karen Moberg vil fortelje oss at dersom Norge skal nå klimamåla i Paris-avtalen, må styresmaktene pålegge oss eit lågare forbruk.
– I ein slik situasjon er det ikkje usannsynleg at vi må halvere utslepp frå det private forbruket i Norge innan 2030, seier Moberg.
Ein gong i året gir FN ut ein rapport som kan ta motet frå dei største optimistane iblant oss. Dokumentet tek pulsen på klimainnsatsen i verda ved å rekne ut eit nokså ubehageleg tal: spriket mellom klimakutta kvart land oppnår med dagens tiltak og kutta som eigentleg skal til for å nå måla i Paris-avtalen. I reknestykket inngår ein viss innsats frå meg og deg, i form av små, velmeinande dytt frå den store staten.
– Fjorårets rapport frå FN viste dessverre at gapet framleis er stort, seier forskar Karen R. Moberg. Vanlege heimar er ein del av det store utsleppsbildet, og difor blir nøydd til å vere ein del av løysinga.
Vestlandsforsking har stått for den norske delen av det internasjonale forskingsprosjektet «Hope», som går ut på å undersøke korleis folk stiller seg til å endre forbruket sitt i klimavenleg retning.
Påmelding og stad:
Sogndal Campus, 2. etasje innovasjonsbygget.
Meir informasjon om forskingsprosjektet.