Tid og stad: 29. november, Quality Hotell Sogndal
Driftig.no arrangerer temakurs i økonomi! Målet med kurset er å auke økonomiforståinga og gje nokre verktøy inn i arbeidet med å skape oversikt og planlegge økonomien i bedrifta.
Korleis arbeider vi oss gjennom kurset
Vi vekslar mellom presentasjonar og praktisk arbeid med eigen forretningsidé/bedrift. Vi viser døme på reknearkmodellar som vi kan nytte i eige arbeid. Og så legg vi opp til mykje dialog og lufting av eigne problemstillingar slik at kurset vert mest muleg praktisk retta for deltakar.
Innhald:
Kurshaldar kan tilpasse kurset i høve deltakarane. Døme på tema vi er innom:
Oppbygging og samanheng mellom resultatrekneskap og balanse
Analyse av rekneskapet
Viktige nøkkeltal
Finne kapitalbehovet, finansieringsoppsett
Kva må vi førebu til rekneskapsførar
Kva rapportar ber vi rekneskapsførar om
Kort om mva, skatter og avgifter
Korleis leitar vi etter forbetringar
Måle forbetringar
Kva faresignal skal vi sjå etter
Ulike selskapsformer
Korleis førebur du deg:
Alle påmelde vil bli kontakta av kursleiar kort tid før kurset. Ta med skrivesaker og gjerne bærbar PC. Vi legg opp til enkel servering, hyggjeleg prat og nettverksbygging.
Kursleiar: Ronny Mowatt frå Mentor AS