Den sosiale møtestaden før avspark! Søndag før avspark me ynskjer velkomen til Kampquiz i SAMAN Kaffibar.
Lagquiz
Quizen startar kl.17:00 - max 5 pers per lag.
Kaffibaren er open frå kl.16.45.
Kven kan delta?
Me ynskjer alle velkomne - unge, eldre, studentar, heile fylket!
Dersom du ikje har vore innom Kaffibaren håper me spesielt at du tek turen innom =D
Quizmaster Martin Christiansen lover spennande spørsmål og god stemning.
Premie - sesongkort!
Vinnarlaget stikk av med eit sesongkort kvar på Lerumtribuna. Verdi opp mot 2500kr!
Vinnarlaget vert annonsert i pausen på kampen mellom Sogndal vs. Sandnes Ulf.
Servering
I Kaffibaren vert det høve til å kjøpe fantastisk kaffe og noko godt å bite i.
Deltaking: gyldig kampbillett gjeld som inngang til både quiz og kamp.
Velkomen til ein hyggeleg møtestad
-------------------------------------------
Sogndal - Sandnes Ulf
OBOSligaen
Søndag 6. mai kl.18:00
Fosshaugane Campus
Tilbake til alle arrangementer