Spennande frukostmøte med Innovasjon Noreg

Spennande frukostmøte i dag med Anna Salmensaari, leiar Innovasjon Norge Finland. Finland er eit spennande land for norske bedrifter. Landet er vorte ein global trendsettar innen teknologi og design og har ei interessant start-up scene vi kan lære av.

Fekk du ikkje med deg frukostmøtet? Anna Sakmensaari er i Sogndal i dag og i morgon, ta kontakt med oss om du ynskjer å ha eit møte med ho!

Godt integrert i verdensøkonomien har vår nabo i aust store marknadsmoglegheiter innan mellom anna helse, ed-tech, forsvarsteknologi, energi og miljø, maritim industri og LNG.

I frukostmøtet fekk me og informasjon om å gjere forretningar i Norden generelt og kunnskap om forretningskultur og språkutfordringar spesielt. Og me fekk avliva ei myte eller to om det å gjere forretning i Finland.

Foto: Hilde Grinde / Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane
Forrige
Forrige

FuS STUP

Neste
Neste

Innovasjonsverkstad - Noko for bedrifta di?