Innovasjonsverkstad - Noko for bedrifta di?
Arbeidar bedrifta di med nye innovasjonsprosjekt, og har behov for verkty som kan hjelpe bedrifta med innovasjon og forretningsutvikling? Innovasjon Noreg tilbyr "Innovasjonsverkstad" der du og bedrifta di får praktiske hjelpemiddel for å verte meir effektiv i innovasjonsarbeidet. Her vert du utfordra og inspirert!
Kurset vert kun køyrd i Sogndal hausten 2018 dersom vi får 4-5 interesserte bedrifter, så send ein epost til post@fussogn.no om dette er noko for bedrifta di!
Kven kan vere med på dette?
Gjennomføring av eit innovasjonsverkstad vil vere ein god start for alle som har eit innovasjonsprosjekt under planlegging. Tilbodet er gratis, og etablerte bedrifter som har eit kundeforhold til Innovasjon Norge vil verte prioritert. Du vil bli bedt om å oppgi informasjon om prosjektet ditt i påmeldingslenka. Innovasjon Noreg vel kven som får delta.
Kva får du?
Kvar verkstad består av to modular. Kvar modul er på 4 timar og dei finn stad med to vekers mellomrom. Mellom modulane er det forventa at alle deltakarar gjer "heimelekse" knytt til eige prosjekt.
Det vil vere plass til inntil seks bedrifter på kvar verkstad. Innovasjon Noreg ønsker at to personer frå kvar bedrift deltek, om mogleg, då det gjev meir effektiv oppfølging på heimebane etter gjennomført program. Det er viktig at påmeldte kandidater ikkje trekk seg! Innovasjon Noreg har eit kanselleringsgebyr for deltagere som ikke dukker opp.
Påmeldte deltakarar vil motta informasjon om opplegget, fasilitator og andre deltakarar to veker før første modul. For best utbytte, må du vere villeg til å dele noko informasjon om prosjektet ditt med dei øvrige deltakarane. Kor mykje er opp til deg. Det er likevel viktig at fasilitator (frå Innovasjon Norge) får bakgrunnsinformasjon om alle deltakarane sine prosjekt, slik at verkstaden vert mest mogleg relevant for alle.
Etter gjennomført verksted, bør du sitte igjen med:
Kjennskap til nyttige verktøy for innovasjon og forretningsutvikling
Etablert dialog med moglege kundar
Større forståing for kunden sitt behov og korleis din bedrift best kan møte dasse
Denne informasjonen finn du og på sidene til Innovasjon Noreg.