Bli kjend med Fusarane: Maurizio Gaffuri frå Rotpunkt Pharma AG

 

Kvifor enda du i nettopp Sogndal?

Eg har tidlegare vert utvekslingsstudent i Harstad og har vert mykje rundt i Nord-Norge, no ville eg utforske Vestlandet og sjå nærare på fjella og fjordane her. Etter å ha utforska litt på nett fant eg ut at Sogndal var den perfekte plassen som utgangspunkt for dette. Her finn eg både arbeidsfellesskap som eg kan jobbe frå på gråværsdagar, og mykje fjell og turar i nærleiken.

Kor lenge blir du her i Sogndal?

Planen var å reise vidare til Bergen på fredag, men etter å ha snakka litt med folk her på campus så er eg litt usikker på om eg kanskje bør bli værande her litt lenger for å rekke rundt alle turtipsa eg har fått her.

Kva jobbar du med?

Eg jobbar med marknadsføring i firmaet Rotpunkt Pharma AG, ein jobb som gjer det mogeleg for meg å kunne jobbe remote.

Forrige
Forrige

Bli kjend med Fusarane: samfunnsutviklar Elisabet Orrestad Nilsen

Neste
Neste

Bli kjend med Fusarane: Kristoffer Engebø i Eduplaytion