Bli kjend med Fusarane: samfunnsutviklar Elisabet Orrestad Nilsen
Elisabet sit til dagen på Fus på Campus og jobbar med spennande prosjekt og oppgåver for Sogndal kommune.
Kva jobbar du med?
Eg jobbar med å gjere Sogndal til den beste plassen å bu for tilflyttarar, studentar, så vel som lokalbefolkninga.
Dette inneber prosjekt som til dømes ser på tilrettelegging av friluftsliv, transport, reduksjon av klimagassutslepp, og andre spennande oppgåver for kommunen og innbyggarane.
Eg jobbar tett med innbyggarar og medverknad frå dei er viktig i prosjekta våre for å dekke behova og ynskja deira.
Kva fordelar ser du med å sitje i eit blanda kontorfellesskap, istadenfor å sitje med kommunale kolleagarar som er den tradisjonelle måten jobbe.
Fus er ein sosial arbeidsplass der det alltid skjer mykje. Her får eg både relevante faglege arrangement og sosialt påfyll som gjer at eg gler meg til å reise på jobb kvar dag. Her på fus sit det alt frå nytilflytte, studentar, til veletablerte.
Kva fordelar har ein med å velge fus?
Ein ting eg set stor pris på med fus er alle lokasjonane og moglegheita til å velgje den som er nærast heime så eg slepp å pendle til dagen.
Det er og ein stor fordel at eg kan ta i bruk dei andre lokasjonane både som kontorplass og samlingspunkt når me skal ut der innbyggarane er for å få innspel frå dei.
Og heilt til sist, veit du kva “Fus” betyr?
Eg er fødd og oppvaksen her i sogn så det veit eg!
FUS - uttrykk som nyttast mellom vener/søsken for å stadfeste førsteretten til noko, den som er førstemann.