Campus Sogndal

 

1. Korleis finne fram til FUS

Inngangen til FUS finn du inni Saman kaffibar. Når du går inn, er inngangen rett til venstre for betalingsskranken til kaffibaren. Om kaffibaren er stengt frå utsida, er det berre å gå rundt og via stadionbygget for å koma inn.

Klikk her for å få Google Maps-veibeskriving eller skanna QR-koden.

2. Korleis finne fram til møterom eplehagen

Fyrst må du finne Saman kaffibar. Frå kaffibaren går du ut i gangen, og du vil sjå ei spiraltrapp. Følg denne heilt opp til tredje etasje og ta så til venstre. Når du kjem ut i korridoren, tek du til venstre og følgjer denne. Om lag 20 meter framme vil du sjå eit rom på høgre side der det står Eplehagen. Her skal du inn.

4. Finn plassen din

Når du forhåpentlegvis har kome deg inn i bygget, er det berre å finne plassen din og starte å jobbe. Plassane er nummererte. Skulle du ikkje finne fram, så berre spør nokon av dei som sit her.

På plassen heng det ein lapp med litt praktisk info og wifi passord.

5. Normer og praktisk info

  • Kaffe, lunsjrom og toalett finn du i andre etasje. Gå opp spiraltrappa rett etter Saman kaffibar og ta til høgre når du kjem opp.

  • Treng du møterom i løpet av dagen du er her? Dette fikser du her

  • Alle i bygget et vanlegvis lunsj kl. 11:30, bli med!

  • Skal du ta ein telefonsamtale? Ta den i ein av våre telefonboksar, så slepp du å forstyrra dei andre.