Lærdal

Kontorplass og møterom på villakssenteret/kulturhuset.

Kontorplassene i Lærdal

Fasilitetar

I Lærdal er det 10 kontorplassane som ligg i moderne og trivelege lokale i 2. etasje på Villakssenteret/Kulturhuset. Desse lokala er ideelle for deg som ønskjer ein inspirerande og profesjonell arbeidsplass med alt du treng for ein effektiv arbeidsdag.

Når du leiger ein kontorplass, får du tilgang til ein komfortabel kontorpult, stol og eit låsbart skap for trygg oppbevaring av eigendelane dine. Du kan òg bruke ein felles skriver, raskt wifi og nyte fri tilgang til kaffi gjennom dagen. I tillegg får du tilgang til romslege fellesareal som stillerom for fokusert arbeid, møterom for samarbeid, eit velutstyrt kjøken og moderne toalettfasilitetar.

Bord på Laksen bakeri og kafé

Laksen bakeri og kafé

Laksen bakeri & kafé ligg inne i Villakssenteret i Lærdal. Her finn du eit rikt utvalg av nybakte varer basert på lokale råvarer med lokal og internasjonal smak. Laksen tilbyr "Grab & Run" -teneste, "take away" pizza, innendørs og uteservering. Om du ynskjer å nyte å nyte kald drikke til pizzaen eller ta med fersk nistepakke tilbake på kontoret.

FuS kan nyte Laksen til å ete, drikke, arbeide eller netverke. Du treng ikkje vere medlem av FUS for å bruke Laksen Bakeri og kafé – den er open for alle!

NB: Laksen er stengt på vinterstid

Sofa og stoler i mingleområde

Mingleområde ...

... og kjøkken på Fus

I hjerte av Fus finn du mingleområde med tilgang til kjøkkenfasilitetar. Nyt ein kaffe mens du delar erfaring med andre leigetakarar. Inviter inn gjester til ein prat, eller nyt ei stille stund for deg sjølv. Gjengen som sit der har også quiz kvar torsdag

Prisar

Fast plass:

Fast plass redusert:

Drop-in:

Møterom inntil 4 timer:

Møterom heldags:

4010,- eks mva i måneden

2607,- eks mva i måneden

300,- eks mva per gang

1500,- eks mva per gang

2000,- eks mva per gang