Aurland

Kontorplassar i bankbygget.

Kontorplass i fellesareal: 3 500 kr per mnd

Eige kontor med plass til to stk: 7 500 kr per mnd

Leigetakarar med eit fast og langsiktig leigeperspektiv blir prioritert først.

Prisar

Fasilitetar

Totalt har fellesskapet 3 separate kontor med 2 kontorplassar i kvar, og 6 kontorplassar i opent landskap. Moderne, lyse og nyoppussa kontorlokale. Kontorhuben tilbyr eit profesjonelt og triveleg arbeidsmiljø, perfekt for både bedrifter og enkeltpersonar som ynskjer å dele kontorlandskap med andre. Her kan du jobbe effektivt, samtidig som du har høve til å slå av ein hyggeleg prat i fellesarealet.

FELLESområde

I fellesområde kan du ta deg ein kaffe eller slå av en prat med dei andre som sitt her. Du kan blant annet møte Sognefjord Næringshage, Fjord Sauna, Kyrkjekontoret

Kva får du

Du får tilgang til lyse og fine lokale med 24-timars tilgang, låsbart kontor eller kontorskap, toalett, WIFI, og kopimaskin. Vi har møterom, stillerom, heis, kjøken og stort fellesareal. Det er parkeringsplassar tilgjengeleg for alle leigetakarane, og reinhald er inkludert. Lagerplass kan avtalast ved behov, og garderobe er tilgjengeleg.

Kontorplass i fellesareal:
Dette inkluderer låsbart kontorskap, fast kontorplass, skrivebord og kontorstol.

Kontor som eksklusivt areal:
Her får du eit låsbart kontor eksklusivt for leigetakaren, utstyrt med to skrivebord og to kontorstolar.