Mange ville vite meir om korleis naturen kan verdsetjast
Vestlandsforskning har utarbeida ein rapport om verdsetjing av urørt natur på oppdrag fra NCE Tourism Fjord Norway. Det var forskar Torkjel Solbraa som kom til FuS og fortalde om prosjektet.
Mellom 25 og 30 personar møtte for å vite meir om dette spennande fagfeltet og forskingsprosjektet.
Bakgrunnen for forskingsprosjektet var eit ynskje frå reiselivsinteresser om utforsking av metodar for å få fram verdiane i det naturbaserte reiselivet i samband med utbygging i norsk natur, for eksempel ved kraftutbygging.
Granskinga av korleis reiselivsinteresser kjem til syne i konsesjonssaker viser at reiseliv i lita grad vert tematisert. Ei truleg årsak til dette er at reiselivet manglar metoder for å fange opp konsesjonssaker. Argumentasjon om reiselivsaktivitet er det ofte andre enn reiselivsaktørene som har, deriblant Fylkesmannen, fylkeskommunen, kommune og lokale turlag.
Eit anna funn er at det verkar vanskeleg, både for tiltakshavar og i høringsuttalelsar, å halde seg til potensialet for reiselivsaktivitet, eller endringar i Fjord-Norge sitt image som resultat av utbygging i norsk natur. I den grad reiseliv vert utreda av tiltakshavar, er det ved å vise til eksisterende aktivitet, tross forventningar om redegjering for potensialet for reiselivsaktivitet i området.
I rapporten vert det skilt mellom vindkraftsaker, større vannkraftsaker og små kraftsaker. Reiselivsinteressene er meir synlege i større vannkraftsaker og vindkraftsaker, og mindre i dei små. Det er også i liten grad peika på sumverknader av mange små utbyggingar frå reiselivet si side.