Jakten på det perfekte kontorfellesskapet

Kva er eigentleg eit kontorfellesskap/bygg som rockar? Eller skal det i det heile tatt rocke? Skal det vere supermoderne og effektivt, eller bør det ha litt sjarm og sjel? Kanskje begge delar? Og kva med tema? Kan vi prøve oss på noko gjennomgåande, eller berre la kreativiteten flyte fritt? Vel, alt dette er tankar som kan dukke opp når vi snakkar om Svingen, det nye bygget på Fosshaugane.

Svingen er faktisk ein del av ei historie som starta lenge før vi ante kva Fosshaugane eigentleg kunne vere. Tilbake i 2001 begynte Sogndal Fotball å teikne dei første linjene. Og i 2003 fekk prosjektet sitt offisielle namn: Fosshaugane Campus. Kult, ikkje sant? Byggearbeidet starta for alvor i 2004, og i dag er heile campus blitt ein miks av næring, idrett og utdanning. Kan Svingen bli prikken over i-en – eller kanskje heile utropsteiknet, eller er det kanskje bare starten?

Oslo-eventyret: La oss bli inspirert

For å gi Svingen litt ekstra magi, pakka vi frå Sogn Næring kofferten og drog på studietur til Oslo. Fosshaugane AS hadde invitert oss saman med blant andre Høgskulen på Vestlandet, NTP, og Sogndal kommune, Sognekraft, Sognenett, Digdir, Rom for forandring og Sogndal Fjellsport. Planen? Å suge til oss idear og tankar for korleis Svingen kan bli Fosshaugane si stoltheit eller korleis det kan bidra til å gjere heile Campus meir komplett.

Vi starta med å dykke ned i planane heime hos oss sjølve, der Yngve Hallen (prosjektleder for Svingen) tok oss gjennom visjonen for bygget. Og så bar det av gårde til Oslo. Turen var allereie full av gode samtalar og kreative innspel før vi kom fram til hovudstaden. Og på programmet? Workshops, deilig mat og bedriftsbesøk.

Først ut: Rebel – der teknologi og popkultur møtast

Rebel var første stopp, og wow, for ein oppleving! Bjørn, guiden vår, hadde ei bakgrunn frå teater og viste oss korleis han hadde skapt ein raud tråd gjennom heile bygget. Rebel er som ein leikeplass for teknologi-nerdar – med popkulturreferansar og kreative kontorløysingar overalt. Stedet er skapt for å inspirere og koble folk saman. Her kan du finne alt frå moderne kontorlokale til kule konferansesalar, unike møterom og digitalt studio for strøyming. Og maten? Ja, det er sjølvsagt fleire restaurantar og barar der du kan nettverke. Rebel får deg til å innsjå at kontor ikkje treng å vere kjedelege.

Hausmanns Hus: Historisk vibe, moderne twist

Neste stopp var Hausmanns Hus, der Elin tok oss med inn i ei heilt anna verd. Her handlar alt om den perfekte balansen mellom harmoni, trivsel og arbeidseffektivitet. Bygget, som ligg ved Akerselv ble bygd nytt i 2022 og bære preg av nymoderne og smarte løsninger. Det lyse atriet i midten gjorde oss nesten misunnelege. Alt var designa for å fremje samarbeid og trivsel, med fleksible kontor, koselege sosiale soner og til og med ein kafé for kaffipausar.

For å runde av tok vi turen til Oslo Streetfood. Her handlar alt om mat og menneske. Eit perfekt stad for å bli inspirert til korleis mat kan vere ein del av eit sosialt og kreativt arbeidsmiljø. Oslo streetfood har ingen ting med kontor og arbeid og gjere, men til vår forbausing var det veldig mange som satt der å jobbet mens dei spiste mat. Dette er kanskj noko og tenkje over. 

Kva skjer no?

Studieturen gav oss nokre viktige aha-opplevingar. Det finst ingen fasit på kva som gjer eit kontorfellesskap eller eit heilt bygg fantastisk, men det er tydeleg at både Rebel, Hausmanns Hus og Oslo Streetfood har truffe noko heilt spesielt. Om Svingen kan ta med seg det beste frå desse tre stadene og leggje til sin eigen unike vri, kan det bli Sogndals nye favorittstad. Vi gler oss til å sjå kva som skjer vidare!

Forrige
Forrige

Afterwork på Vitemeir (fus kaupanger)

Neste
Neste

Jobb og Leik FUS Kaupanger