Digitale pengar for framtida

Bitcoin, kryptovaluta, blokkjede, digitale sentralbankpengar - det er ei rivande utvikling og ikkje lett å følgja med på alt som skjer. Heldigvis tilbyr Høgskulen på Vestlandet kurs i dette, spesielt retta mot bank og finans, men aktuelt også for andre.

Kurset "Digitale pengar for framtida" byggjer på eit valemne som har vore undervist sidan 2018 og som har vorte veldig populært. Det er tilrettelagt i samarbeid med Finansforbundet som også har kjøpt 10 av 30 studieplassar. For å få ein av dei 20 ledige plassane, må du vera rask for interessa ser ut til å vera formidabel.

Søknadsfristen er 13. februar og kurset startar opp 8. mars og er digitalt. Det blir undervist av seniorforskar Svein Ølnes som har forska på temaet i mange år. Påmelding og meir informasjon finn du her. Ta gjerne kontakt med Hilde.Albertine.Gjertsen@hvl.no for utfyllande informasjon.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Bli kjend med Fusarane: Kristoffer Engebø i Eduplaytion

Neste
Neste

Sogn for alle - spennande seminar om integrering